Kva er retten til mat?

Av Margot Igland Skarpeteig

– Eg tener berre fire kroner for 15 timars arbeid, og det rekk til 1 ½ kilo ris. Kvar kveld må eg og borna mine leggje oss svoltne, sa jordbruksarbeidaren Lasantha frå India, i eit intervju hausten 1998.

Retten til mat inneber at alle menneske har rett til å kunne brødfø seg og sin familie, at du har ein moralsk rett til å kunne ete deg mett kvar dag, og at maten skal vere næringsrik og kulturelt akseptabel. Sitatet ovanfor visar eit eksempel på menneskerettsbrot. Sjølv om Lasantha arbeidar 15 timar om dagen, rekk ikkje løna ein gong til mat til ho og borna hennar. Dei har altså rett til meir mat enn det dei faktisk har. Det er ein menneskerett å kunne ete seg mett kvar dag.

Fleire enn 25.000 mennesker døyr kvar dag av kronisk sult og fattigdom – altså ikkje som følge av konfliktar eller naturkatastrofar. Dei fleste av desse er born. Fleir enn 840 millioner mennesker verda over har for lite å ete, ifølgje tal frå FN.

Menneskerettane er juridiske bindingar. Dei seier at dei statane som har ratifisert FNs Konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, har visse plikter overfor innbyggjarane sine. Desse pliktene kan delast inn i fire kategoriar:

Staten må respektere retten til mat. Det betyr at staten ikkje må fjerne moglegheiten til å brødfø seg for innbyggjarane. Til dømes skal ikkje staten annektere småbønder sine jordlappar utan å gje dei kompensasjon.

Staten har plikt til å verne om retten til mat. Dersom innbyggjarar står i fare for å miste moglegheiten for å brødfø seg, må staten gripe inn. Til dømes skal staten stoppe ein godseigar som annekterar småbønder sine jordlappar.

Staten plikter å legge til rette for at retten til mat sikrast. Staten må altså medvirke til at dei som ikkje har moglegheit til å brødfø seg, kan sikrast dette, til dømes gjennom vedtak om jordreform.

Staten plikter å hjelpe dei innbyggjarane som sjølv ikkje kan skaffe seg nok mat, som gamle, sjuke og invalide. Til dømes må staten sørgje for å hjelpe dei som er utan inntekt, produktiv eigedom eller anna, gjennom eit statleg sosialt tryggleiksnett.

FIAN sine hasteaksjonar har vanlegvis fokus på dei to fyrste pliktene: Staten si plikt til å respektere innbyggarane sine menneskerettar, og staten si plikt til å beskytte menneskerettane. Det kostar ikkje mykje å respektere og beskytte retten til mat, og alle land har i det minste moglegheit til sjølv å avstå frå å bryte menneskeretten.

Det er vanlegvis viljen det står på. Den kjem ofte ikkje før myndigheitene føler eit press frå omverda.