Skriv under Dakar-appellen mot jordran!

FIAN oppfordrar alle til å delta i motstanden mot jordran gjennom å støtta lokalsamfunna som kjempar for å overleva.

Av Trond Sæbø Skarpeteig, FIAN Noreg

Jordran var utan tvil eitt av emna som engasjerte flest på Verdas sosiale forum i Dakar i 2011. Ulike sosiale rørsler, livssynsorganisasjonar, og miljø-, utviklings- og menneskerettsorganisasjonar arrangerte ei rekke møte om jordran.

Eit av dei mest relevante møta var ved West African Network of Peasants and Agricultural Producers (ROPPA) og  La Via Campesina, og fokuserte på strategiar for å stogga jordran. Bondeleiarar frå mange land la vekt på at det er viktig å auka kunnskapen og åtvara ikkje berre lokalsamfunna som blir råka, men også samfunnet elles om alvorlege konsekvensar av jordran. Bondeorganisasjonane ber om felles handling på alle nivå og på ulike område, inkludert informasjonsarbeid, forsking, mediearbeid og rettssaker.

Etter forslag frå franske organisasjonar om ein felles posisjon om jordran under førre møte i Committee on World Food Security (CFS) i Roma i oktober 2010, tok La Via Campesina og ROPPA med stønad frå FIAN International, Friends of the Earth International, CCFD – Terre Solidaire, Peuples Solidaires og AGTER initiativ til eit felles møte under Verdas sosiale forum og lanserte Dakar-appellen mot jordran.

Appellen inviterer til å byggja breie alliansar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Appellen krev umiddelbar stopp av jordran og brakklegging av jord som har er tatt frå lokalsamfunn. I tillegg inneheld appellen fleire krav til nasjonale styresmakter og internasjonale organisasjonar.

FIAN inviterer alle organisasjonar og personar til å støtta appellen innan 1. juni 2011 på http://www.petitiononline.com/dakar/petition.html

Last ned Dakar-appellen på http://fian.org/news/press-releases/dakar-appeal-against-the-land-grab/pdf

Les meir på fian.no

BLI MEDLEM!

Medlemsskap i FIAN Norge koster 250 kr i året. Betal medlemsavgiften til FIAN Norges konto 9365 09 14994 og oppgi navn, adresse og e-post ved betaling, eller registrer deg
her
!

Ønsker du heller å gi en gave? Da kan du bruke vår konto 9365 09 14994 og skrive “gave” i meldingsfeltet. Takk for støtten!

Publikasjoner

FIANs publikasjoner omhandler ulike problemstillinger rundt retten til mat. I tillegg til årsmeldinger og periodiske Right to Food Quarterly, finner du rapporter, undersøkelser, faktaark og andre dokumenter. Du kan laste ned gratis alle disse dokumentene som pdf-versjon.

Rapporter og landstudier

Årsmelding for FIAN International

Årsmelding for FIAN Norge

FIAN Norges nyhetsbrev Mat og rett

Med Right to Food Quarterly, lar FIAN eksperter, aktivister og andre dele informasjon og analyse om retten til mat og andre viktige trender innen økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter.

Right to Food and Nutrition Watch ble lansert i 2008.

FIAN Norge er registrert i Innsamlingskontrollen.