FIAN Internationals årsmelding for 2010 er ute!
Trass i bølgjene frå den globale finanskrisa var 2010 eit godt år for FIAN internasjonalt.
Av Trond Sæbø Skarpeteig, FIAN Noreg
25.05.2011: Nye FIAN-avdelingar er under oppstart i Colombia, Paraguay og Pakistan, og våre kollegaer i Burkina Faso er i full drift. Det førekjem hyppige brot på retten til mat i desse landa, til dømes miljøureining, jordkonfliktar og urettferdig matutdelingspolitikk. FIAN etablerte seg også i Genève med en FN-representant. Tilsette i vårt internasjonale sekretariat vil ha fast arbeidsstad i Genève og samarbeida med FIAN Sveits om å påverka FNs menneskerettssystem.
Samtidig var 2010 eit år med konsolidering og planlegging for FIAN. FIAN sitt internasjonale råd møttest i Belgia og vedtok ein ny strategisk plan. Planen meislar ut milepælar for organisasjonsutvikling verda over. Vi skal styrka arbeidet vårt mot individuelle og lokale brot på retten til mat gjennom brevkampanjar, dokumentasjon, mediearbeid og opprop.
FIAN har tatt i bruk fleire metodar for etterforsking og overvaking av menneskerettsbrot gjennom å sjå på samanhengar mellom inntekt, ernæring og offentleg politikk. Mange av sakene FIAN er involvert i handlar om manglande utbetaling av løn og gjennomføring av vedteken politikk og sosiale velferdsprogram.
Som ein av få organisasjonar som slost for retten til mat har FIAN posisjonert seg som koordinator mellom sivilt samfunn, bondeorganisasjonar og andre grupper som er råka av matkrisa i arbeid mot FAO (FNs organisasjon for mat og landbruk) når det gjeld jordrettar. I oktober deltok FIAN på det første møtet i den reformerte Komiteen for matvaretryggleik (CFS) der vi bad styresmakter setja ein stoppar for storskala utanlandsk oppkjøp av jord i utviklingsland. Vi bad også komiteen om å leggja til rette for ein open dialog om kva for type investeringar som trengs i landbruk for å utrydda svolt. FIAN vil halda fram dette arbeidet mot strukturell urett innan landbruket.
I 2010 såg vi endringar i den globale overvakinga av matvaresystema. Komiteen for matvaretryggleik fekk legitimitet som plattform for globale mattryggleiksspørsmål. FIAN har delteke med våre perspektiv på retten til mat og koordinert sivilt samfunn som representerer dei gruppene som er hardast råka av den globale matkrisa; småbønder. Småprodusentar sine interesser må løftast i desse globale ordskifta om vi skal få til endringar i grunnleggjande årsaker til svolt og underernæring. Ein av årsakene er jordran – når land og selskap kjøper eller leiger store jordområde i utlandet for å forsyna sin eige marknad med mat.
FIAN spelte ei viktig rolle i utarbeidinga av “Global Campaign against Land Grab” der folk blir oppmoda til å halda politikarar og selskap ansvarlege for jordran. Ein viktig reiskap i dette arbeidet er Right to Food and Nutrition Watch som er ein årleg rapport frå FIAN, ICCO og Bread for the World. Til verdas matdag i oktober 2010 vart rapporten lansert i fleire enn 20 land!
Store endringar i menneskerettslege strukturar tek lang tid å få til. Heilt sidan 1991 har FIAN argumentert for at sosiale, økonomiske og kulturelle menneskerettar er like viktige som politiske og sivile. 20 år seinare var vi vitne til at Equador var det første landet som ratifiserte tilleggsprotokollen som opnar for ein internasjonal klagemekanisme for retten til mat. Vi har lagt press på mange land utan å få stort nok gjennomslag enno. Om protokollen blir aktiv vil FIAN bruka denne til å halda styresmakter og det internasjonale samfunnet ansvarlege for praksisen med å halda rundt ein milliard menneske svoltne. I mellomtida brukar vi dei verktøya vi har og feirar FIAN sitt 25-årsjubileum .