Jordran – land grabbing

Av Trond Sæbø Skarpeteig, FIAN Noreg

27.03.2011: Den sterke skeivfordelinga av jordeigarskap i mange land er framleis eit problem. Mangelen på tilstrekkeleg og trygg tilgang til jord og naturressursar for rurale menneske og fattige i byane er ein av hovudårsakene til svolt og fattigdom i verda. Trenden er sterk mot ytterlegare konsentrasjon av jord – færre og færre eig ein stadig større del av den dyrkbare jorda i verda. Tidlegare jordbruksreformar blir no reverserte  – til og med i land som tradisjonelt har vore meir egalitære som Kina.

I stort omfang globalt inngår no utanlandske private og offentlege investorar avtalar med land etter land om å få kontroll over store landområde (mange større enn  100 000 mål og fleire større enn fem millionar mål eller 5000 kvadratkilometer – to gongar Vestfold fylke).  Dette er i høgste grad relevant for den noverande og framtidig mattryggleiken og matsuvereniteten i vertslanda. FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) har rekna ut at heile 200 millionar mål (200 000 km2 – tilsvarar meir enn halve Noreg) er kjøpt berre dei tre siste åra i Afrika åleine av utanlandske interesser. Slike avtalar er mest kjende som “land grabbing” (jordran på norsk), og vil ha enorm innverknad på menneskerettane til lokalbefolkning, særleg på retten til mat.

FIAN står saman med mange andre organisasjonar og krev eit forbod mot jordran. I staden ber me om at FAO sine retningsliner for ansvarleg forvalting av jord og naturressursar blir etterlevd, noko som vil bety ein effeltiv stoppar for jordran.

FIAN har også organisert i det internasjonale oppropet mot jordran – Dakar Appeal against the land grab saman med andre organisasjonar.

Les fleire saker om jordran:

27. februar 2011: Land grabbing – eller jordran – var utan tvil eit av emna som mobiliserte flest på på Verdas sosiale forum i Dakar i Senegal 5.-11. februar. Kva må til for å stogga den negative utviklinga? Les rapporten på FIAN International sine sider.

1.02.2011: India sikrer seg store landområder i Etiopia i følge Ethiopian Reporter.

25.11.2010: Årets rapport fra Right to Food and Nutrition WATCH heter Land Grabbing and Nutrition – Challenges for Global Governance, og tar for seg effekten av landran på lokalbefolkningens helse og ernæring.

30.03.2011: I anledning en internasjonal konferanse om jordran (land grabbing) ved University of Sussex, presenterer Journal of Peasant Studies (JPS) ein ny rapport som tar for seg de skjulte konsekvensene and handel med jord. Les artiklene her.

Pensjonsfondet ut av Goldcorp!

24.04.2012: Den norske pensjonen sikres gjennom at andre blir påført lidelser og død. Det mener FIAN er uverdig! Derfor krever vi at norske myndigheter sørger for at pensjonsfondet trekker seg ut av Goldcorp.

SKRIV UNDER NÅ!

BLI MEDLEM!

Medlemsskap i FIAN Norge koster 250 kr i året. Betal medlemsavgiften til FIAN Norges konto 9365 09 14994 og oppgi navn, adresse og e-post ved betaling, eller registrer deg
her
!

Ønsker du heller å gi en gave? Da kan du bruke vår konto 9365 09 14994 og skrive “gave” i meldingsfeltet. Takk for støtten!

Publikasjoner

FIANs publikasjoner omhandler ulike problemstillinger rundt retten til mat. I tillegg til årsmeldinger og periodiske Right to Food Quarterly, finner du rapporter, undersøkelser, faktaark og andre dokumenter. Du kan laste ned gratis alle disse dokumentene som pdf-versjon.

Rapporter og landstudier

Årsmelding for FIAN International

Årsmelding for FIAN Norge

FIAN Norges nyhetsbrev Mat og rett

Med Right to Food Quarterly, lar FIAN eksperter, aktivister og andre dele informasjon og analyse om retten til mat og andre viktige trender innen økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter.

Right to Food and Nutrition Watch ble lansert i 2008.

FIAN Norge er registrert i Innsamlingskontrollen.