Kva er retten til mat?

Kva er retten til mat?

Av Margot Igland Skarpeteig

Eg tener berre fire kroner for 15 timars arbeid, og det rekk til 1 ½ kilo ris.
Kvar kveld må eg og borna mine leggje oss svoltne (jordbruksarbeidaren
Lasantha frå India, i intervju hausten 1998).

Det er ein banal kjensgjerning at mat er nødvendig for å leve. Like fullt er det eit faktum at
mange menneske i verda ikkje har nok mat.

Retten til mat har eit normativt og universelt innhald, og inneber at alle menneske har rett til å
kunne brødfø seg og sin familie. Menneskerettane seier ikkje at du må ha så og så mykje
pengar for å kunne skaffa deg brødet du treng. Dei seier derimot at du har ein moralsk rett til å
kunne ete deg mett kvar dag, og at maten skal vere næringsrik og kulturelt akseptabel. Sitatet
visar eit eksempel på menneskerettsbrot. Sjølv om Lasantha arbeidar 15 timar om dagen, rekk
ikkje løna ein gong til mat til ho og borna hennar. Dei har altså rett til meir mat enn det dei
faktisk har. Det er ein menneskerett å kunne ete seg mett kvar dag.

Menneskerettane er òg juridiske bindingar. Dei seier at dei statane som har ratifisert FNkonvensjonen
om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, har visse plikter overfor
innbyggjarane sine. Desse pliktene kan delast inn i fire kategoriar: Staten må for det fyrste
respektere retten til mat. Det betyr at staten ikkje må fjerne moglegheiten til å brødfø seg for
innbyggjarane. Til dømes skal ikkje staten annektere småbønder sine jordlappar utan å gje dei
kompensasjon.

For det andre har staten plikt til å verne om retten til mat. Dersom innbyggjarar står i fare for å
miste moglegheiten for å brødfø seg, må staten gripe inn. Til dømes skal staten stoppe ein
godseigar som annekterar småbønder sine jordlappar.

For det tredje har staten plikt til å legge til rette for at retten til mat kan sikrast. Staten må altså
medvirke til at dei som ikkje har moglegheit til å brødfø seg, kan sikrast dette, til dømes
gjennom vedtak om jordreform.

For det fjerde har staten plikt til å hjelpe dei innbyggjarane som sjølv ikkje kan skaffe seg nok
mat, som gamle, sjuke og invalide. Til dømes må staten sørgje for å hjelpe dei som er utan
inntekt, produktiv eigedom eller anna, gjennom eit statleg sosialt tryggleiksnett.

FIAN sine hasteaksjonar har vanlegvis fokus på dei to fyrste pliktene: Staten si plikt til å
respektere innbyggarane sine menneskerettar, og staten si plikt til å beskytte menneskerettane.
Det kostar ikkje mykje å respektere og beskytte retten til mat, og alle land har i det minste
moglegheit til sjølv å avstå frå å bryte menneskeretten. Det er vanlegvis viljen det står på, men
den kjem ofte ikkje før myndigheitene føler eit press frå omverda

BLI MEDLEM!

Medlemsskap i FIAN Norge koster 250 kr i året. Betal medlemsavgiften til FIAN Norges konto 9365 09 14994 og oppgi navn, adresse og e-post ved betaling, eller registrer deg
her
!

Ønsker du heller å gi en gave? Da kan du bruke vår konto 9365 09 14994 og skrive “gave” i meldingsfeltet. Takk for støtten!

Publikasjoner

FIANs publikasjoner omhandler ulike problemstillinger rundt retten til mat. I tillegg til årsmeldinger og periodiske Right to Food Quarterly, finner du rapporter, undersøkelser, faktaark og andre dokumenter. Du kan laste ned gratis alle disse dokumentene som pdf-versjon.

Rapporter og landstudier

Årsmelding for FIAN International

Årsmelding for FIAN Norge

FIAN Norges nyhetsbrev Mat og rett

Med Right to Food Quarterly, lar FIAN eksperter, aktivister og andre dele informasjon og analyse om retten til mat og andre viktige trender innen økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter.

Right to Food and Nutrition Watch ble lansert i 2008.

FIAN Norge er registrert i Innsamlingskontrollen.