Tunisia: Desperasjon over matmangel har ført til opprør

17. januar 2011: Desperasjon over å ikkje kunne brødfø seg sjølv har ført til ufatteleg raske endringar i Tunisia. I følgje FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO, nådde matprisane ny rekord i desember. For dei fleste europearar og USAnarar er prisaukene berre ein ulempe. Men for dei fleste i verda fører til og med små prisstigingar til at livsgrunnlaget deira er truga. Sjå video frå mat-opptøyene i Tunisia. Filmen eignar seg ikkje for born.

FNs matprogram (WFP) åtvarar også mot stadig fleire og meir desperate opprør frå menneske som ikkje lenger har råd til mat og drivstoff på grunn av aukte prisar og reduserte subsidiar. Les intervjuet med WFP-sjef Josette Sheeran her.