Klimapolitikken trugar menneskerettane

Heidelberg, 29.11.2010. I samband med klimaforhandlingane i Cancún i Mexico 29. november til 10. desember, krev FIAN International at statane ikkje ofrar menneskerettane for å nå klimapolitiske mål.

Som ein følgje av klimatiltak under Kyotovatalen, aukar talet på konfliktar med lokale folkesetnader. Eit døme er biodrivstoff – klassifisert som fornybart – som stadig fører til tvangsforflytting av menneske. I tillegg arbeider folk under slaveliknande tilhøve på slike plantasjar.