Korleis kan vi brødfø alle og samtidig redde jorda?

21. januar 2011: For små investeringar i landbruk og handel med mat har fanga mange land i ein ond sirkel med låg produktivitet og sårbarheit for prisendringar, seier FNs spesialrapportør for retten til mat, Olivier de Schutter. Han ber investorar om å slutte med å subsidiere kunstgjødsel og frø – som han kallar private goder, og heller investere i offentlege goder som betre infrastruktur, betre lokale marknader, tilgang til kreditt og lagerkapasitet. Mykje av dette må bønder sjølv organisere, seier de Schutter i eit intervju med den engelske avisa The Guardian.