Fian logo Header image
FIAN Norge Bli medlem Oppslagstavle Kontakt oss

Om oss

Hva gjør vi?

Lokalgrupper

Brevaksjoner

Kampanjer

Publikasjoner

I mediebildet

Lenker

Billedgalleri

Arbeidet nytter:

Takk frå jordbruksarbeidarar i Guatemala

- Me takkar FIAN med heile våre hjarta for dykkar hjelp, fordi det hadde avgjerande påverknad slik at saka vår vart løyst (jordbruksarbeidarar på godset Génova i Guatemala).

Hugsar du brevaksjonen som låg ved magasinet vårt "Sulten på rettferdighet" som vart sendt ut i 2004? Alle breva FIAN-aktivistar over heile verda sendte til Guatemala, har ført til rettferd for dei jordlause familiane på Maria de Lourdes sitt gods i Génova i Quetzaltenango. Saman har me vunnet fram!

Etter tolv års kamp har arbeidarane på godset no fått løn for striden sin for rettferdig erstatting, etter at dei brått ikkje lenger fekk løn og så vart ulovleg sagt opp. Sigeren er symbolsk viktig, for denne garden er eigd av familien til Oscar Berger, noverande president i Guatemala. Dei 47 familiane førte kampen i rettssystemet, og retten dømde i deira favør. Men dommen vart aldri respektert. I desparasjon okkuperte dei huset til jordeigaren, men vart straks fjerna derifrå med makt.

Etter FIAN-brevaksjonen, møter mellom partane og besøk av FIAN og andre internasjonale organisasjonar, har jordeigaren no gått med på å betale arbeidarane 55% av løna han skuldar, pluss at han har betalt for jorda dei lever av. Då FIAN vitja familiane i oktober, hadde dei kalla den nye eigedomen sin for Paradis. Dei var sers takksame for innsatsen frå FIAN-medlemmene over heile verda.

HUGS: I to av tre saker fører FIAN sine handlingar til framgang.

 
postFirst greek letterfianDotno

Årsmelding 2008

Beyond Formalisation

Logo til www.landrightswatch.net

Norsk bistand til landbruk

Brosjyre om Chikan Kari

Logo til ESCR Protocol Now